kin_top

Orgelbyggjarane

E-post Skriv ut PDF

ORGELBYGGJARANE 

Marcussen & Søn

Det er det solide, velrenommerte danske orgelbyggeriet Marcussen & Søn som skal levere det nye orgelet til Dolstad kyrkje.. Med 200 års verksemd er det eit av dei eldste orgelbyggeria i verda. Verdskjent er det også, med mange internasjonalt kjende prestisjeprosjekt. Marcussen & Søn vart starta i 1806 av Jürgen Marcussen (1781-1860). Konsesjon til å drive fekk selskapet i 1811. Etter ein del restaurerings- og ombyggingsarbeid, bygde Marcussen det første større orgelet i 1818. Med det var verksemda i fullt gjenge.

I 1826 tok Marcussen orgelbyggarsvennen Andreas Reuter (1798-1847) til kompanjong, og verksemda fekk namnet Marcussen & Reuter. Ved sida av ei rekkje mindre arbeid bygde selskapet no orgelet i Christiansborg slotskirke (1829), restaurerte og bygde om orgelet i Roskilde Domkirke (1833) og bygde om orgelet i Københavns Domkirke (1836).

Da Andreas Reuter døde i 1847, kom Marcussens son, Jürgen Andreas (1816-1900), inn i leiinga. Firmaet fekk da namnet Marcussen & Søn, som det framleis heiter. Etter at grunnleggjaren Jürgen Marcussen døde i 1860, heldt sonen Jürgen Andreas Marcussen fram med store, krevjande arbeid,  blant anna med ombygging og utviding av orgelet i Lund domkyrkje og restaurering av det berømte Arp Schnitger-orgelet i Sct. Jacobi kyrkje i Hamburg. I 1865 bygde Marcussen & Søn eit orgel til Nystad kyrkje i Finland. Det vart oppsett av Jens Zachariassen, eit søskenbarn av Jürgen Andreas Marcussen. Etter det grunnla Jens Zachariassen eit orgelbyggeri i Finland. Frå denne høgt verdsette verksemda kom Johannes Lassen Zachariassen (1864-1922), søskenbarn av Jens Zachariassen, til orgelbyggeriet i Danmark.   Dermed kom Zachariassen-namnet inn i Marcussen & Søn, og det prega selskapet framover på 1900-talet.

I alle år er det familiemedlemer som har ått og styrt Marcussen & Søn. I 2002 overlet Jürgen Zachariassen firmaet til dottera Claudia Zachariassen, som vart den første kvinnelege leiaren. Marcussen & Søn har levert orgel i heile Norden. Til vårt land kom det første Marcussen-orgelet i domkyrkja i Fredrikstad. Ellers er det Marcussen-orgel t.d. i Vågå,  Otnes i Rendalen  og Sandefjord.

Noko av eit høgdepunkt i orgelbyggeriets historie er orgelet i St. Laurentskerk, Rotterdam (1973). Dette 18 meter høge orgelet, med 85 stemmer, har fått stor internasjonal ros. Så har da også Marcussen & Søn levert orgel over heile verda, anten det er imponerande instrument i Japan, Sør-Afrika, USA eller England. Det seier noko om oppdrag og engasjement når orgelbyggeriet leverte orgel til Sandefjord i 1979, og til Stellenbosch Universitet, Sør-Afrika i 1980.

Marcussen & Søn legg stor vekt på det arkitektoniske ved eit orgel, og byggjer orgel med vidt forskjellige stilpreg. Såleis er det stor skilnad på det noko pompøse orgelbygge i Laurenskerk, Rotterdam og det enkle, rettlinja orgelet i Sandefjord

.

Peter Adolph Albrechtsen  

Da Dolstad kyrkje fekk orgel i 1846, var det firmaet Peter Adolph Albrechtsen som leverte. Dette firmaet har ny interesse i samband med det nye orgelet til Dolstad, for Albrechtsen lærte orgelbygging hos Jürgen Marcussen.. Han børja som lærling i 1824, og arbeidde i dette firmaet i 11 år. Etter at Marcussen hadde lært Albrechtsen å stemme piano og orgel, fekk han ansvaret for alle vedlikehalds- og stemmekontraktar i orgelbyggeriet. Ved sida av arbeidet i verkstaden, hadde han altså tilsyn med orgel over heile Danmark.

Så høgt respektert som Albrechtsen var, vart han formann i verkstaden. Noko av det siste han gjorde i dette firmaet, var førebuingane til bygningsarbeida med orgla til Helligåndkirken og domkyrkja i København. Albrechtsen hadde god kunnskap om ombygging av store orgel, og om bygging av nye da han slutta i selskapet i  1835. Det vart tale om fast orgel i Garnisonskyrkja i Kristiania, og Albrechtsen melde seg som orgelbyggjar. Han kom til Kristiania i 1835, og fullførte dette orgelet i 1836. Straks etter restaurerte han orgelet i Domkyrkja i Kristiania.

Dette året børja den danske snikkarsveinen Claus Jensen å arbeide i orgelbyggeriet. Han monterte sia orgelet i Brønnøysund. Jens Christensen, ein tidlegare kollega i Danmark, kom til Noreg og gjekk i kompaniskap med Albrechtsen. Orgelbyggeriet fekk da namnet Albrechtsen & Christensen. No var det stor verksemd i firmaet: på 3 år leverte dei 6 nye orgel. I 1838 flytta orgelbyggarane til Trondheim og fekk i stand verkstad der. Her fekk dei store oppgåver, som å bygge om orgelet i Vår Frue kyrkje, bygge nye orgel til Bragernes og Strømsø kyrkjer i Drammen, til Hospitalskyrkja og Bakke kyrkje i Trondheim og til Immanuelskyrkja i Halden.

Midt i ei lovande tid strauk verkstaden med i den store brannen som tok 330 hus og 39 lagerhus den 23. april 1841. Men orgelbyggarane skaffa seg snart ny verkstad, og i 1846 monterte dei orgel både i Hadsel og Dolstad kyrkjer. Men den store brannen og gnisningar blant eigarane førte til at Christensen gjekk ut av selskapet, og til slutt enda det med konkurs i Trondheim. I 1849 flytta Albrechtsen orgelbyggeriet til Bergen. Den første oppgåva her var å bygge om det store Glogerorgelet i domkyrkja. Deretter fekk han kontrakt på det største orgelet han nokosinne leverte; eit nytt orgel med 31 stemmer til Nykirken. Medan han heldt på med dette orgelet, leverte han og orgel til Hamarøy, serleg med tanke på å  hauste erfaringar i høve nye byggemetodar han ynskte å bruke i arbeidet med Nykirkeorgelet. Men firmaet var i økonomisk krise, og det var med naud og neppe dei kunne fullføre orgelet til Nykirken. Albrechtsen måtte også melde at han ikkje var i stand til å ferdigstille orgelet han skulle bygge til Korskirken.

I denne krisetida døydde han som skulle overta orgelbyggeriet, Peter Adolph Albrechtsen jr. (1852). Da var det at Claus Jensen berga firmaet, og fullførte orgelet til Korskirken i 1856. På denne tida underteikna han og ein kontrakt om å bygge nytt orgel til den nybygde Trefoldighetskirken i Kristiania. Claus Jensen blei ein av dei dyktigaste og beste orgelbyggarane i Noreg gjennom alle tider. Han bygde fleire store instrument, blant anna til den nemnte Trefoldighetskirken, domkyrkja i Tromsø, Bragernes kyrkje i Drammen og Ila kyrkje i Trondheim. Alle desse orgla er heilt eller delvis bevarte saman med mange mindre instrument, hovudsakleg i Midt- og Nord-Noreg. Jensen døydde som ein velhalden mann i 1892.

Med lærarmeisteren hans, Peter Adolph Albrechtsen, gjekk det ikkje så godt. For å betale tilbake det han skyldte Jensen, blei han verande i orgelverkstaden fram til våren 1857. Då tok han først farvel med sin tidlegare kompanjong, Jens Christensen, som var leiar for ei stor guanomølle i Molde før han og kona returnerte til fødestaden, Holbæk på Sjælland. Der døydde han berre knappe to år seinare, og det vesle han let etter seg heldt berre så vidt til å få han i jorda. Som mange andre dyktige orgelbyggarar døydde Albrechtsen i armod og gløymsle, overarbeidd og sliten etter eit relativt kort, men innhaldsmetta liv.